Ein god takstrapport er nyttig i mange samanhengar.

Du får god oversikt over kva eigedommen din er verd som pantegrunnlag for lån, eller som salsobjekt. Ein god takstrapport  er også den beste måten å førebyggje konflikt i etterkant av ein eigedomshandel. Når uhellet er ute og ein skade skal reparerast, kan ein skadetakst vere god å ha.

Verdi- og lånetakst

Denne takstrapporten vert utarbeidd med grunnlag i synfaring og oppmåling av bustaden.

Rapporten inneheld ei teknisk skildring av bustaden og dei areale som vert utrekna etter oppmåling. Rapporten inneheld også ei enkel vurdering av vedlikehaldet som er gjort på bustaden, men den tekniske tilstanden vert ikkje grundigare undersøkt.

Verdien vert fastsett ut frå teknisk tilstand, eigedomsmarknaden i området og bustaden si plassering  med vurdering av utsikt, soltilhøve, kommunikasjonar, avstand til butikk, skule, barnehage ol.

Verdi- og lånetakst  vert ofte nytta i samband med finansiering og refinansiering av bustad, samt fordeling av verdiar ved arveoppgjer eller oppløysing av sameige (ekteskapsbrot). Ved sal tilrår vi utarbeiding av bustadsalsrapport då denne inneheld ein grundigare teknisk gjennomgang av bustaden.

Bustadsalsrapport

Vi utarbeider bustadsalsrapport for alle typar bustader.

Rapporten byggjer på den tekniske tilstanden som vert gjennomgått under synfaring, og tilstanden vert bestemt for kvar einskild bygningsdel ut frå avvik i høve til fastsette referansenivå. Rapporten vert avslutta med ein økonomisk konklusjon om bustaden sin marknadsverdi.

Bustadsalsrapporten er i prinsippet ein tilstandsrapport der det vert lagt ekstra vekt på byggtekniske tilhøve som er særskilt viktige ved eigarskifte. Bustadsalsrapporten erstattar ikkje seljaren si opplysningsplikt eller kjøparen si plikt til sjølv å undersøkje bustaden som skal kjøpast, men er eit dokument som kan gjere handelen tryggare for begge partar.

Rapporten er tilpassa lovverket slik at spørsmål som ofte kan ende i retten, så langt råd er, er peika på, og vurderte i rapporten. Levetidsvurderingar vert gjort etter gjennomgang av heile bustaden etter ei detaljert sjekkliste. Bustadsalsrapporten føreset at seljar på førehand fyller ut ei standardisert eigenfråsegn som grunnlag for det vidare takseringsarbeidet.

Tilstandsanalyse

Ei tilstandsanalyse går ut på å registrere og vurdere tilstanden til ein bygning eller delar av ein bygning.

Dette er også kjernen i ein bustadsalsrapport,  men tilstandsanalysa har eit breiare bruksområde.  Analyseresultatet skal gje grunnlag for økonomiske berekningar og naudsynt  utbetringsarbeid. Tilstandsanalyser vert nytta til mange ulike føremål:

  • kjøp og sal av eigedomar
  • planlegging av ombygging
  • utarbeiding av vedlikehaldsplan
  • ferdigsynfaring
  • garantisynfaring og taksering.

Metode og rapportform som vert nytta  vil avhenge av føremålet med tilstandsanalysen

Skadetakst

Denne takstrapporten vert utarbeidd med grunnlag i synfaring og oppmåling av bustaden.

Rapporten inneheld ei teknisk skildring av bustaden og dei areale som vert utrekna etter oppmåling. Rapporten inneheld også ei enkel vurdering av vedlikehaldet som er gjort på bustaden, men den tekniske tilstanden vert ikkje grundigare undersøkt.

Verdien vert fastsett ut frå teknisk tilstand, eigedomsmarknaden i området og bustaden si plassering  med vurdering av utsikt, soltilhøve, kommunikasjonar, avstand til butikk, skule, barnehage ol.

Verdi- og lånetakst  vert ofte nytta i samband med finansiering og refinansiering av bustad, samt fordeling av verdiar ved arveoppgjer eller oppløysing av sameige (ekteskapsbrot). Ved sal tilrår vi utarbeiding av bustadsalsrapport då denne inneheld ein grundigare teknisk gjennomgang av bustaden.

Reklamasjonsrapportar

Tomtetakst

Ta kontakt

Mob: 91 51 36 29